Årets siste skikarusell
28.03.2023
Det var trengsel i grillhytta av 25 små og store i kveldinga i går etter quis og tur i lysløypa. Den yngste var litt over 1 år, den eldste har passert 70. Taco og hot dog, saft og kaffi smakte godt etter turen i laus snø i kald vind. Det var utdeling av premier til alle, både vinnerne og dei som kom på på dei andre plassane. Nok ein hyggeleg kveld i regi av Bugøynes Helselag. Arrangementet får oss ut i frisk luft, og sveisar saman bygdefolk på tvers av generasjonane.
Tekst & foto: Bjørg Solsvik og Solbjørg Bakken