Poteter, gulrøtter og pottovoi

24.09.2021

Med liv og lyst og godt humør vart det høsta poteter og gulrøtter på omsorgssenteret onsdag 24.september.  

Med liv og lyst og godt humør vart det høsta poteter og gulrøtter på omsorgssenteret onsdag 24.september. Heile skulen var representert med 13 elevar frå 1. til 10 klasse, rektor Mette, og lærarane Helene og Janne Berit. Dei som ikkje var i åkeren, steikte vafler. Solbjørg Bakken leia arbeidet.

Avlinga av poteter har visst vore større tidlegare år. Når det gjeld gulrøttene har dei neppe vore mindre. Både barn og ansatte mora oss over dei bittesmå lysegule gulrøttene som vi børsta jord av og smakte på. Fleire av bebuarane på omsorgssenteret undra seg med stort alvor over kvifor gulrøttene var så små; hadde vi ikkje gjødsla nok? eller tynne dei ut? Eg vart svar skuldig. Forstod at for dei har nok dyrking av grønnsaker vore meir av nødvendighet enn av hobby. Skjønna også at å dyrke gulrøtter krev anna og meir enn poteter som meir eller mindre passer seg sjølv når dei er kommen i jorda. Poteter treng dessutan ikkje særleg næringsrik jord heller. 

Aksel Høiberget Lavoll og Helene Abrahamsen.

Amatører som mange av oss er på området har vi kanskje tatt på oss meir enn vi hadde kunnskap og kapasitet til. Dei minste potetene er hovedingrediens i retten pottovoi som vart servert til middag i dag med stor suksess. Det vart laga potetmos og tilsett biter av steikt bacon og pølser. Matretten fekk fram gode minner hos dei finskeætta. Vi andre synest det var interessant og ikkje minst velsmakande.

Pottovoi. Foto: Solbjørg Bakken

Tekst & foto: Bjørg Solsvik