Visegruppa SÄIE besøkte Bugøynes omsorgsenter
Elina Alafirmären og Evelina Niva frå visegruppe SÄIE i Lappland, sang og spelte gitar for bebuarane på omsorgssenteret på Bugøynes i kveld. Også nokre bygdefolk hadde tatt turen. Det var ei framføring på ein halvtime med vakker tostemt visesang. Dei avslutta med å få med publikum på refrenget av ei finsk folkevise.
Elina og Evelina er på Bugøynes ei veke for å jobbe med å skrive sangar. Dei fortel at dei har travle liv heime i Finland. Dei set dermed pris på å kunne jobbe uforstyrra nokre dagar. Familieliv gjer at ei veke er alt dei har anledning til no. Dei bur i Anne Ulven sitt hus. I løpet av hausten og vinteren vil fleire kunstnarar bu og arbeide i dette huset nokre veker om gongen. Pikene på broen i Kirkenes har leigd huset og avgjer kven som får bu der.
Elina og Evelina vil også underhalde på Galleriet på gamle slippen laurdag 18.6. Kl 18:00
Tekst & foto: Bjørg Solsvik